10.klasse i Spania -del 1


Ja, det stemmer det du har høyrt! 10.kl er i Spania, stemningen er god og det same er temperaturen. Eit døgn er gått siden vi møtte 18 reiseklare elevar på Sola. Denne veka flytter vi klasserommet 3000 km sørover, til Centro Sarepta, i Alfaz del Pi, Alicante, Spania. Første utfordring kom tidleg: korleis sjekker vi eigentleg inn på flyet? «Dette er det mamma som plar gjere» kom det frå nokon. Men no er det ikkje noko kjære mor, no er dei sendte ut i den store verda. Alle fekk seg ein bagasjelapp, alle kom seg gjennom sikkerheitskontrollen og nesten alle kom seg forbi første taxfree moglegheit utan sprekk i reisebudsjettet.

Med mobilane fullasta med siste sesong av favorittserien var vi klare for 3,5 time på fly mot Alicante. Det var mørkt då vi kom fram, men temperaturen vitna om at no var vi ikkje lenger på Tau. Trøtte, sultne og varme kom vi fram 00.50 til påsmurte baguettar før vi alle stupte i sengene. 

08.30 var 18 av 18 på plass ved frukostbordet, meir eller mindre opplagt, men beinklare for kva ein dag i Spania vil bringe. Vi fekk delta på morgonsamling på norsk/spansk og vi hadde ein spanande bibeltime om englar i dag. Etter eit friminutt ved bassengkanten var vi klare for ein time om Spania, om kultur, geografi, religion og natur, og vi lærte å seie “muchas gracias”.

Vi ligg ikkje på latsida, og med tilgong til eit basseng i ei hel veke var det også på tide og ta fatt på målet i kroppsøving om å kunne svømme ein lengre distanse basert på eigne mål og forutsetningar. Vi studerte svømmeteknikkar i klasserommet og satte oss mål: “kor langt kan eg svømme på 20 min?”. Det blir spanande å sjå om måla blir nådd i løpet av veka.

Med sola steikande i ryggen var det også tid for å sjekke ut lokale daglegvarebutikkar og om bankkortet fungerer i utlandet. Det gjorde det.

Etter ein deilig kyllingmiddag, eit bad og ein is har vi no hatt kveldssamling med gode samtalar kring, “kven seier eg at Jesus er, kva betyr han for meg?”. Kvelden avslutta vi med ein sjokolade og kortspel. I morgon er vi klare for nye eventyr, djupdykk i valuta og gebyrer, og kanskje ein tur på stranda. Følg med!:)