100-dagarsfest 🎉🎉


Torsdag 27. januar var det 100 skuledagar sidan me starta opp i august. Det feira me i 1. og 2. klasse med ein 100-dagarsfest! Me har hatt nedtelling til denne dagen, og både born og vaksne har gleda seg til festen. Dagen starta opp inne på klasserommet. Der lagde me 100-dagarsbriller, telte opp 100 popcorn, og skreiv 100 ord saman. Etterpå gjekk me ein tur til Ugeli. Der var planen at me skulle lage popcorn på bålet, men på grunn av mykje regn og vind måtte vi gå heim og lage popcorn inne istaden. Til slutt lagde vi oss sjøve, når me var heilt i 100 😉 No startar nedtellinga til sumarferien, på torsdag var det 90 dagar igjen.