Ein heilt vanleg fredag i 8. og 9.klasse: Då høyrer me lydar og latter frå det eine klasserommet. Der driv 8.kl med film innspeling og prosjekt i Kunst og Handverk, og me gler oss til filmen kjem ut.
På kjøkkenet luktar det av dei deiligste rettar. I dag var det ein variert meny fordelt på to grupper. Eg fann matmuffins, tomatsuppe og stekt ris. Marmorkake og trollkrem. Det er bare å la seg inspirere til helga!