Tverrfagleg prosjekt i 7. klasse


Eit mål etter 7. klasse i samfunnskunnskap er å:

«Beskrive korleis produksjon og forbruk kan øydeleggje økosystem og forureine jord, vatn og luft, og drøfte korleis dette kan hindrast og reparerast.»

Dette har  7. klasse jobba med ei stund i det siste. Først med å tilegne seg kunnskap om tema, og deretter knytta det opp mot kunst og handverk som har eit mål at elevane skal montere ulike typar utstillingar, og presentasjonar i ulike typar rom.
Dette vart til ei flott og lærerik utstilling som vi laga for heile skulen. Elevane var kreative og laga ei stasjon som fortel noko om forurensning, og ei stasjon som fortel korleis vi kan ta vare på miljøet rundt oss. Til saman vart dette veldig lærerikt for både liten og stor. Vi kan alle gjere små grep i kvardagen for å ta vare på jorda vår.
  • IMG_5968
  • IMG_5966
  • IMG_5966
  • IMG_5967
  • IMG_6061