Torsdag forrige veke var det langtur for 1.-4. klasse. Me tok turen til vitenfabrikken i Sandnes heile dagen. Der var vi med på eit tverrfagleg undervisningsopplegg om væsker og fargeblanding. Me fekk og tid til å utforske utstillingane og installasjonane.
I undervisningsopplegget me var med på, eksperimenterte me med fargar og ulike blandingar med sukker og vatn. Me fekk på oss laboratoriefrakkar lærte namn på ulike laboratorieutstyr. Målet var å få til ein regnboge i eit reagensrør, og det var kjempespennande å sjå når me hadde fargane over kvarandre med pipetten. Her var det mange engasjerte elevar og ulike resultat.
Nokre av spørsmåla me måtte tenke over var:
- Kan vatn ligge ilag?
- Kva skjer når me blandar sukker og vatn?
- Kvifor legg fargane seg opp på kvarandre?
- Kva skjer når fargane blir blanda?
Både før og etter undervisningsopplegget fekk me prøve dei ulike installasjonane på vitenfabrikken. Der var det noko for ei kvar interesse. Det var veldig lærerikt å få eigne erfaringar naturvitenskap, fysikk og teknologi.
Nokre syns det var mest interessant å sjå korleis det vart lys i husa når me fekk i gang vannhjula, imens andre likte best plasmakula. Kvifor lyser lysrøyret når me held ei hand på kula og ei hand på lysrøyret?
Me fekk og prøve ei havnekran, produsere koppar i fabrikken og mange andre ting. Her skulle me helst ha vore fleire dagar. Dette var veldig lærerikt!