Aktive elevar i klasserommet


Her på Tryggheim Strand ønskjer me å ha aktive elevar i klasserommet. Ein skule prega av liv, og klasserom med høg elevaktivitet anten det er i praktiske aktivitetar, munnlege diskusjonar eller sjølvstendige oppgåver. Elevar som er deltakande i si eiga læring.  Engasjerte elevar. Nysgjerrige elevar. Motiverte elevar. Det prøver me å få fram i kvardagen, og me har mange kjekke lærarar som brenn for faget sitt.

Samfunnsfagtimar på ungdomstrinnet som er så engasjerande at du høyrer diskusjonen lang veg i frimimuttet etterpå, hardtarbeidande elevar som finn eigne måtar å løyse matteproblem på og nysgjerrige forskarar på uteskule som vil finne ut av verda. Barn og ungdom som ikkje klarer å sitte stille eller halde oppdagingar for seg sjølv, men som kokar over av læreglede og engasjement.

Det er slike gull i skulekvardagen me ser etter, jobbar mot og brenn for.