Praktisk håndverksfag


Elevar på ungdomsskulen har nokre fag som dei vel sjølv, og praktisk håndverksfag er eitt av valgfaga me tilbyr i år. Det er sett av 2 timar i veka for desse faga. Elevane som har valgt dette faget skal læra seg å forstå og følge arbeidsteikningar eller instruksjonar for å lage eit produkt. Dei skal også lære seg å bruke ulike verktøy på ein trygg måte, og utføre vedlikehald på dei. I tillegg skal dei kunne utforske og beskrive ulike råmaterial sine eigenskapar og bruksområde. Det er også ein del av målet at dei skal lære seg forståing for valg av råmateriale og produksjon i eit bærekraftig perspektiv. Målet for faget er at dei skal kunne ferdigstille produkt på ein håndverksmessig, funksjonell, kreativ og estetisk måte.

 

I år er det 9 elevar på Tryggheim Strand som har valgt praktisk håndverksfag. Desse 9 viser stor interesse og motivasjon for faget.

 

I år har me hatt 2 hovudprosjekt så langt; kniv og padleåre. Me starta året med å lage padleårer i tre etter modell av Grønlandsårer. Dette er årer med smale padleblad, som Grønlenderane har utvikla og brukt i over 1000 år. Me har brukt bilete og beskrivelse, fra Anders Thygesen Kajakkbyggeri (sjå lenka under). Desse årene er designa på bakgrunn av originale eskimoårer.

https://kajakkspesialisten.no/images/lageare.pdf

 

Elevane starta med å grovskjære ein modell av 1,5” x 4” plank, som dei sidan har brukt timar på å høvle og pusse inntil åra vart som den skulle. Til sist var det litt personleg merking og oljing, for å gjere åra vakker og holdbar til bruk.

 

I praktisk håndverksfag har me óg vore så heldige og knytta kontakt med Jan Gunnar Helmikstøl. Han har eiga smie og esser, og han har stor kjennskap og kunnskap til ulike håndverksfag. Alle elevane har fått vore med på Heia, heime hos Jan Gunnar, og smidd seg kvart sitt knivblad. I tillegg til å smi knivbladet, fekk dei lære om prosessen med herding av stålet, og dei fekk lære å pusse bladet og slipe kniveggen.

 

Nett no er me igong med å spikke eit høveleg skaft, før me til sist skal lage slire i lær til kniven. Dette er og eit produkt som elevane viser stor entusiasme for å få til og lage. Og det fine med å lage kniv med slire, er at dei får kjennskap til tre håndverksfag på eit produkt.

 

Skriven av: Olav Fiskå, lærar i praktisk håndverksfag