Praktisk undervisning i kvardagen


Hei du! Du er nok sikkert litt som resten av fleirtalet, du blar fort forbi nye stortingsmeldingar. Men tittelen på stortingsmeldinga som kom i dag 13. september, gjer at du kanskje stopper opp likevel. For høyr tittelen:

«En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5. – 10. trinn»

Som lærar og tilsette i skule er dette ein god nyheit ein fredag.

Endeleg, tenker vi tilsette, på Tryggheim Strand. Dette er noko vi har stort fokus på her på skulen! Endeleg ser regjeringa og at praktisk, aktiv og variert undervisning er viktig i skulekvardagen. Regjeringa vil blant anna ha fokus på meir undervisning utanfor klasserommet sine vegger.

På Tryggheim Strand tilbyr vi allereie arbeidslivsfag på alle trinn på ungdomsskulen, noko som vi ser at elevane har god nytte av! Og ikkje minst, vi har elevens val på heile barneskulen tre timar i veka. Elevane får sjølv velge kva gruppe dei vil vere på desse timane, og kva dei vil ha fokus på. Det er så kjekt å sjå korleis elevane blomstrar når dei får gjere noko anna enn å sitte i ro på stolen bak pulten!