Del 3 -10.klasse i Spania   Nylig oppdatert!


Dag 3 – Den store utfluktsdagen

 

Det var særdeles god stemning hjå charterfeber-gjengen på Centro Sarepta tysdag kveld. Søvn – kva er det? Det hadde no vore lurt med nokre timar på auga før timevis med vandring i Valencia, men prøv å sei det til ei energisk øybuar frå Helgøy, for ikkje å snakke om ei trønder-bortgifta lærar frå Tau, når dei – mot alle odds – opplevde svært god vinnerlukka i brettspel! 

Ein skulle tru dei hadde fått enten sukkersjokk eller ein overdose energidrikk intravenøst, men det var rett og slett bare pur vinnargleda!

Me jatta med og prøvde å vere gode taparar. Men lett, det var det ikkje.

 

Men. Over til den store utfluktsdagen. Turen gjekk til Valencia!

Bussen kom klokka 09. Bussjåføren tok heldigvis ikkje tidleg siesta, så me kom oss avgårde til rett tid.

Knappe 2 timar seinare var med framme. Me hadde forventa ein kolossal varme, men så var det til dels ein frisk bris over heile byen – så det var heimsleg og teneleg for oss alle.

Nokre guttar fekk omvisning på Estadio de Mestalla, heimebanen til Valencia. Eller fekk og fekk – dei måtte jo ut med 15 euro, så det kan vel hende det gjekk ein par vippskrav gjennom kontinentet.

Me traska og gjekk, besøkte sjapper og butikkar, åt litt, traska litt meir, åt litt meir, brukte altfor langt tid på Primark – ja, me gjorde vårt ytterste for å bidra til økonomisk vekst i det lokale næringslivet.

Valencia er ein storby med over 800 000 innbygjarar, så ein rekk ikkje over byen på ein dag. Men nokre glimt av både nymotens arkitektur og historiske byggverk fekk me. Byen blei grunnlagt i år 137 f. Kr – og her er det noko for ein kvar smak.

Kl 18 var alle tilbake til avtalt møtested (ja, det er heilt sant) og me satt kursen avgårde mot Alfaz del Pi og Centro Sarepta. Nokre euro fattigare, men desto rikare på gode og til dels artige opplevingar!

Kvelden gjekk med til enkel kveldsmat – brød, wannabe-nugatti og litt snop. God stemning, speling, drøs og god stemning.

Me har hatt kveldssamlingar fleire kveldar, men i og med at dagen var svært innhaldsrik, så tok med ei kort samling med ei lite “ord for kvelden”. Kva gjer oss verdi? Det er heldigvis ikkje kva me får til, og ikkje får til, som gjev oss verdi. Heller ikkje korleis me ser ut.

Bibelen seier at Gud “fryder seg over deg med glede, Han tier i sin kjærleik, Han jubler over deg med fryderop” (Sef 3,17).

Tenk over det, neste gong du blir nedbrutt og lei – at Gud den allmektige jubler over deg. Du er høgt akta og elska av Han!

Det får vere nok for i dag. Me begynner å bli varme i trøya no.

Altså, me svettar ikkje. Eller jo, det gjer me. Til ein viss grad.

Men me har landa litt. Me kjenner på fellesskap. Samhald. Gode dagar. På gjensyn, bloggen!