Siste del – 10.klasse i Spania


Som alltid vart me vekt med ein tørr vits frå Bjarne kl. 08.15, dei kjem både i tide og utide her nede i Spania, men vi prøver å le så ofte vi kan. Her er eit relativt forsiktig døme: «- Kva er elgen sitt favorittinstrument? -Elgitar».

Frukosten vart som vanleg inntatt med morgensol i hagen og kl. 09.10 var vi plass til den spanske songen vi lærer oss på morgonsamlingane denne veka. Siste bibeltimen i dag handla om englar kring Jesu liv og virke. Vi vart også minna om at «det er svar undervegs, englar kjem med bud. Om det drøyer, dog fram det skal nå.» Fint å ta med seg frå bibeltimane denne veka. 

18 elevar og 3 lærarar sat 10.30 beinklare i bussen. Bussjåfør Pato var klar for å ta oss med på dagens utflukt; vi skulle få besøke Hjerteekspressen i Benidorm. Dei trengte hjelp av arbeidsomme ungdommar, og vi kjente på kallet. Vi følte oss som superheltar med støvklutar. Alt dette slik at dei kan ha meir fokus på å hjelpe familiar og menneske som har det vanskeleg. «Litt kjedeleg arbeid, men nokon må jo gjere det», var ein stemme som sa. Men de veit jo at denne gjengen er effektive når dei først set i gong, 40 min før tida hadde dei ikkje fleire oppgåver til oss, og me fekk desto meir tid til shopping på La Marina etterpå. 

Vi registrerer svart belte i shopping på fleire og vi er usikre på om dei føresette får mange forespørslar om meir penger? Humøret er i hvert fall på topp og heile gjengen er nøgde med dagen. Alle rakk bussen «heim» denne dagen også. 

Etter Kylling i Karri var det tid for 20 min svømmeøkt for fleire av elevane. No har dei berre ein dag igjen å gjere det på. Fleire elevar er nesten på kilometersmerke. De kan jo teste sjølve der heime:)

No har fleire fått rosinhud og bassenget er tomt. Mafia og Among Us er kveldens aktivitet, og chipsen til Bjarne står for tur. Kanskje rekk vi ein runde kortspel før vi alle fell saman som korthus, men klare for siste dag og avreise i morgon! Det er berre å gle seg til vi kjem heim og alle kan fortelle sine eigne historiar. 

Takk til alle som les og alle og har bedt for oss denne veka. No er det berre heimreise igjen, sjølv om vi alle gjerne kunne hatt resten av skuleåret her❤️ Vi sjåast i Norge. Hasta la vista, Spania.