Tryggheim Strand og openheitslova


Openheitslova

Openheitslova skal fremje verksemder sin respekt for menneskerettaer og anstendige arbeidstilhøve, samt sikre ålmenta tilgang til informasjon. Loven forpliktar oss til å gjennomføre aktsemsvurderingar både av eiga verksemd og av leverandørane våre si verksemd. Det skal publiserast ein rapport om aktsemdsvurderingar på skulen si nettside innan 30. juni kvart år. Tryggheim Strand er ein kristen grunnskule som tilbyr undervisning til born og ungdomar ut i frå eit kristent livssyn. Dette livssynet skal gjennomsyre verksemda vår, også på andre område enn undevisning. Det medfører at me ynskjer å arbeide for å ha ein praksis i handel og innkjøp av tenester som respekterer menneske, sosiale tilhøve og miljø. Tryggheim Strand har fokus på energisparing, har gode rutinar for handtering av avfall og arbeider for å gjere både tilsette og elevar medvitne og for å utvikle gode haldningar. 

 

Aktsemdsvurderingar

Arbeidet vårt med å ivareta openheitslova vil gjennomførast i tråd med OECD sin metodikk for aktsemsvurderingar. med ivaretakelse av loven vil gjennomføres i tråd med OECDs metodikk for aktsomhetsvurderinger. Det medfører både å forankre ansvaret i interne retningslinjer og styringssystem, løpande kartlegging og vurdering av risiko og eigna tiltak der tilhøva ikkje er tilfredsstillande. 

Tryggheim Strand har ingen avtale med fagforeiningar, men har fleire tilsette som er medlem av ulike fagforeiningar. Det føreligg ingen tariffavtale, men hovudtariffavtalen i KS er veiledande for lønns- og arbeidsvilkår, men med nokre lokale tilpassingar. Lokale lønnsforhandlingar vert gjennomført i eigen lønnskomite. 

Tryggheim Strand har gjennomført ei overordna risikovurdering av leverandørane våre for rekneskapsåret 2024 der samla omsetning utgjorde mer enn kr 100.000,-. Då me er ei relativt lita verksemd er det få leverandørar i denne kategorien og det er dermed eit oversiktleg område å forhalde seg til. 

Fleire av leverandørane våre er KNIF-partnerar. KNIF har eigne utgreiingar om korleis dei arbeider for å redusere risiko for brot på menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve. KNIF har eigne etiske retningslinjer for leverandørar, gode rutiner for godkjenning og oppfølging. KNIF rapporterer årleg om dette på eigne nettsider. Risikoen knytta til handel med KNIF-partnarar er difor vurdert til låg. 

Kartlegginga vår viser 2 leverandørar med omsetning for meir enn kr. 100.000,-. Den eine av desse er innan reinhaldsbransjen. Her vert det gjort ny avtale med leverandør i løpet av våren 2025, og grundige vurderingar vert gjort då. Den andre leverandøren rapporterer tilfredsstillande på eigne nettsider innan alle område i openheitslova og risikoen er difor vurdert til å vera låg.