Bli med til Etiopia – No er dei på plass!


FØRSTE DEL: Reisedøgn og første dag. 

Ein spent gjeng som møttes på Sola flyplass lørdag klokka 14.00. Første innsjekk gjekk egentlig ganske bra, men alle var litt usikre på om betjeningen fekk med seg at bagasjen skulle av i Addis og ikkje Jinka… “time will show..” 

Flyturen til Oslo gjekk som smurt, og det var ein opplevelse å få vere med på Lina sin første flytur. Latter og sug i magen -”Dette va syykt gøy”. 

Eit par timar å slå i hjel på Gardemoen. Me fekk i oss god mat, og brukte tida i tax-free og kikka oss rundt. Me trudde me hadde god tid, ante fred og ingen fare. Plutselig ser Stine eit blinkande “gate closing» på avgangen vår. Full panikk i leiren, her må vi få samla alle fortast mulig. Full firsprang mot gate, og ironisk nok, lengst vekke. “Tenk så pinlig om me hadde mista flyet..” Blei den store snakkisen. Særleg rektor ved Forus synes dette kunne blitt i overkant skamfullt.. MEN trekk pusten, me kom oss på, og med god margin. “Gate closing” står visst ein time før avgang, dårleg gjort synes me.. Dette kjem Sune til å huske for livet. 

Vell inne på flyet har me alle funne kvart vårt sete. Turen går først til Stockholm. Liten mellom

landing her, eller liten og liten. Det blei 3-4 timar venting. Alle av flyet. Sune lurte på om han slapp sommarjobb i sommar, dersom han fekk 6000,- i kompensasjon pga venting.  Alle ungdommane var enige om at pengene kom godt med, så dei fulgte spent med på klokka. Men me kom oss heldigvis på flyet igjen, 00.30. Middag servert rundt 02.00, alle var ikkje like begeistra for å bli vekka når ein først hadde sovna. Men litt mat i magen gjorde at me fekk sove nokre timar vidare. Vel framme i Addis. Og nå, det store spørsmålet. Kom bagasjen fram? Ta dykk eit gjett. Ja, nesten alle fekk bagasjen. Men stakkars Marita fekk ikkje sin. Forhåpentligvis møter ho den i morgon i Jinka. Uflaksen stoppa ikkje der desverre, Marita blei dårleg når me kom fram til misjonsstasjonen her. Ho tek ein roleg ettermiddag og samlar krefter, medan me andre no skal vidare til “Friendship park”, der vi skal ha middag og se oss om. Me storkosar oss i varmen, og kjenner mer er enormt heldig og takknemlig som får vere her! Next up: Jinka!