No er vi godt i gang med bokveka her på Tryggheim Strand og elevane er djupt engasjerte i alle slags bøker. Vi har lest mykje, både i eiga bok og høgtlesning på norsk og engelsk. Vi har også fått besøk av Marit Soppeland som leste høgt for elevane. 1. og 2. klasse jobbar flittig med å lage si eiga bok som skal visast for dei andre klassane i slutten av veka. Dei eldste elevane har også lest for dei yngste.