Veka før hausferie har vi hatt ekstra fokus på bøker og leseglede. Vi har kosa oss litt ekstra medan vi dukka inn i bokverda. 7.klasse forfatta ei heilt eiga bok om dyr, som dei gåv ut i ni eksemplar. 3 & 4. klasse var dei heldige som fekk kvar si eiga bok, og vi hadde høgtlesing for dei når vi overleverte bøkene. Det var kjekt for store og små!