Ymse


Nye plantar og ny bork i beda som tidlegare var heilt overgrodd av ugras. Vakkert! 🙂 I dessa dagane før 17. mai har frivillige stått på for å pynta uteområda til Tryggheim Strand. Til glede for elevar og alle andre som nytter uteområda. Etterkvart vil det gjerne òg verta stelt […]

Uteområda har fått ei oppgradering!


Kvar torsdag har 1. og 2. klasse uteskule og brukar mesteparten av dagen ute. Denne gongen anla vi blant anna ny butikk og kafe i skogen på Ugeli. Elevane klipte ut sine eigne pengar og dei fekk trene seg på kjøp og salg. Nokre laga kafé og servera både kokosboller, […]

Glimt frå uteskule


Open dag for alle som vil sjå skulen vår! Onsdag 30. mars kl 17.00 – 19.00 Det vert informasjon om skulen, noko å eta, og innslag av elevane. Ta gjerne med deg nokon og kom! 🙂 Alle er velkomne!

Besøk skulen vår onsdag 30. mars kl 17.00!



Sist torsdag nytta 1. og 2. klasse det fine veret og tok ein skidag. Turen gjekk til Dalen der vi gjekk på langrenn og prøvde både utforbakkar og fiskebein. Bål og kakao høyrer med og det vart også tid til aking og skileik i bakken.

Skidag i Dalen med 1. og 2. klasse


Tekst: Fredrik Sunnhordvik Bilete: Ill.foto Ekte personar med ekte historiar Denne veka har vi på Tryggheim Strand vore så heldige å få besøk frå Serina Søyland Bru, flyktningekoordinator i NAV, og hovudpersonen; ein flyktning vi kan kalle “Jack” i denne artikkelen. Forteljinga til Jack gjorde stort inntrykk på alle som […]

Eit alvorleg tema