Del 2 -10.klasse i Spania


Skuledagar i Spania er heilt greit det. Frukost i hagen, fuglekvitter, sol og 25 grader gjer det enkelt å møte ein haustdag i oktober.

Før nokon av oss i det heile tatt hadde tenkt tanken på å stå opp i dag hadde dei aller sprekaste i 10.klasse utforska både kjente og mindre kjente vegar i området med ein frisk joggetur før dei køyrde ein klassisk “si-no-more” og hoppa i bassenget. 

Englar er tema for bibelsamlingane desse morgonane. Har vi alle kvar vår engel? Vi har i alle fall landa på at vi nok har ein haug med englar med oss på denne turen. Ingen har rota seg vekk, ingen har mista passet og ingen er tom for penger. Neste time var det tid for noko som krevde meir jordnær tenking – mattetime. Rekneøkta handla ikkje om kjedelege tal og brøkar, men om noko langt meir livsnært: Kor mykje pengar har vi eigentleg brukt på denne turen? Nokre av oss følte oss plutseleg litt fattigare, medan andre følte seg som økonomiske geniar. No har vi full kontroll på valutapåslag og gebyrar og er beinklare for tur til byen.

For å få opp kvilepulsen til Bjarne venta no ein tur til Faro de Albir, eit fyrtårn som føltes som eit utsiktspunkt til sjølvaste verdens ende på eine sida, og til dagens ende på andre sida. Turkis sjø, kvilepuls og hopping i havet var oppskrifta på det perfekte post-lunsj-eventyret. Nokre av oss tok det heilt roleg, medan andre ikkje kunne la vere å utnytte siste sjanse til å shoppe før dagen var omme. 

                                           

To av gutane, var litt seinare enn andre, dei hadde truleg hamna i sitt livs største dilemma: «Skal vi velge hawaisjkorte med grønnsaker eller flamingoer? » Etter mykje grubling og intens vurdering landa dei på flamingoskjorter, krage og korte armar, sjølvsagt – stilreint, men heilt uforutsigbart. Det var på hengande håret at vi rakk lasagnen i dag, men veit du kva? Det var absolutt verdt det. Flamingoen er faktisk på rødlista!

Vi har hatt ein skikkeleg hyggekveld med spel, sjokolade og kjeks, etterfulgt av dagens samling der temaet var «ungdom og medievaner» – altså, kva vi eigentleg lar oss påverke av, og kva vi berre scroller rett forbi med ein sløv tommel. Hint: kattar og matvideoar overlever alltid scrolletesten. Med siste brusboksen fortært og mykje visdom om TikTok-vaner delt, er vi no klare for natta. I morgon ventar storbyen Valencia, og vi er meir enn klare for ein heil dag med eventyr (og kanskje litt meir scrolling). Vi har det bra! Så veit de det!