Barn er berre barn sjølv om dei startar på skulen, og det må dei få lov til å vere. Med 6-åringen i fokus vil me legge til rette for ei begynnaropplæring tilrettelagt for det aktive barnet der leik, utforskartrang og fysisk aktivitet er viktig i kvardagen.
I bokstavinnlæringa har me fokus på varierte arbeidsmetodar og ulike innvalsvinklar for best mogleg innlæring av bokstavane. Me prøvar og å legge opp til lystbetonte og spennande læringsaktivitetar for elevane. Det er ulike barn som lærer på ulike måtar, og det må me legge til rette for.
1.-2. klasse har fysisk aktivitet på timeplanen kvar dag. Det er godt og sunt for dei små kroppane og bevege seg, dei får sosial øving og dei lærer betre ved å vere fysisk aktive. Me ser at det har god effekt på både læring og trivsel på skulen!
Ein dag i veka har 1.-2. trinn også uteskule. Dei lærer samfunnsfag, mat og helse, matte, naturfag og norsk. Dei får utforske, vere nysgjerrige og lære gjennom leik.