TREDJE DEL: Omorate og Turmi.
God morgon, Noreg! No har vi vore ute på reis, og sove vekke ei natt i Turmi, deretter kome tilbake til Jinka. Det har vore to svært interessante og tettpakka dagar 😉 Vi er glad vi er tilbake til normale do, og har hatt nokre svært spanande dobesøk rundt om i landsbygdene. “Eksponeringsterapi” seier ungdomen, som tek alt på strak arm.
Langs bilturen sørover stoppa vi på eit marked. Her fekk nokre shoppa litt, Sune er nøgd med tre nye fotballdrakter -20 kr per stykk! Vi er imponert over den flotte og “frodige” naturen her i Etiopia. (Nokre måtte forklare kva “frodig” betyr, og ulike betydningar av ordet. Frodig natur, frodig kvinne osv.. Så nå blir det ordet brukt flittig med eit glimt i auge). På kjøreturen såg vi over til fjella i Kenya, så nokre lurte på om dei kunne kryssa av Kenya på lista over kva land dei har vore i 😉
Vi har besøkt to nye helsesenter for kvinner, eitt i Omorate, og eitt i Turmi. Det var ein del som mangla på helsesenteret i Omorate, og det var ikkje reint nok til å få begynne med keisersnitt her. Det blir stilt ein del krav til senteret før dei får tillatelse. Her var det varmt, klamt og mykje floger. Ungdommane fekk god konktakt med ungane på senteret (kvinnene har med seg barna sine), og dei laga show med å stå på hendene, slå hjul, armhevingar osv. Dette til stor glede for både barn og vaksne. Helsesenteret i Turmi hadde høgare standard, og mykje utstyr. Her gjennomførte dei keisersnitt ved behov. Vi fekk høyre kor viktig det er med blodbank, då blodtap er ein av dei store utfordringane. Kvinnene kjem innom i svangerskap og gir blod, slik at dei har ein backup av eige blod dersom det skulle vere nødvendig. Dei kunne rapportere om at ingen døydde i fødsel av mor eller barn her. Vi har besøkt fleire kyrkjer og skular, og eit hostel for barn. Hostellet er for foreldrelause eller svært fattige. Her får dei kost, losji, utstyr til skulegang, klede osv. Eit flott tilbod!
Ellers kan vi rapportere om at natta i Turmi var ein interessant oppleving. Det blei mange rundar med å fjerne diverse insekt og kryp før leggetid. Rett utafor stod ein hane og gol gjennom heile natta, den må ha misforstått kva og når soloppgang er. Vi var vel alle einige om at dette ikkje var den beste natta, og glad for at standarden skal stige eit lite hakk opp neste natt.
No ventar det 1,5 dag i Jinka før vi reiser vidare til Addis på fredag midt på dagen. Vi skal besøke sjukehuset her i byen, ein skule og innom eit marked. Vi skrives! 🙂