I engelsktimen i 8/9 klasse har vi i dag spelt ALIAS. Elevane fekk utfordra seg sjølv på å forklare engelske ord på engelsk, og fleire lærte seg nokre nye ord. Orda dei måtte forklare var både vanlege ord som blir mykje brukt til daglegs, men også ord som er henta frå temaet som me har snakka om dei siste vekene. Det var svært god innsats, høgt konkurranseinstinkt og mykje godt humør!