I Reportasje, lesarinnlegg, anmelding, intervju, lokalavis, regionalavis, ingress og journalist. Elevane i 5. og 6. klasse engasjerer seg i skuleavis – prosjektet som dei har på skulen.
Idette høvet var dei på besøk hjå lokalavisa Strandbuen. Dei fekk snakke med redaktør Jens Bjørheim, og han tok godt i mot dei. Elevane satt roleg og høyrde på alt det Jens hadde å fortelje, og kom med mange gode spørsmål. Alt i frå favorittlag i England, prisar på annonser og reklame til korleis ein arbeidsdag til ein journalist ser ut, fekk dei svar på. Dei fekk og ei flott omvisning i lokalet til Strandbuen, og fekk snakke med fleire av dei som arbeider i avisa. I bilane på veg heim igjen snakka elevane ivrig om aviser, journalistar og alt det dei hadde blitt fortalt. Dei er no klare og inspirert til å gå i gong med si eiga avis.
Takk til Strandbuen og Jens for eit kjekt besøk hjå dykk!