Ledig stilling som lærar ved Tryggheim Strand
Tryggheim Strand er ein kristen barne- og ungdomsskule i Strand kommune med ca 110 elevar på 1.-10. trinn. Frå hausten 2025 er det ledig ei stilling som lærar på barneskulen i 100% fast stilling.
Me ynskjer deg som:
- er ein dyktig og tydeleg klasseleiar
- kan vera kontaktlærar
- har ein breidde i undervisningsfag
- er god til å byggje relasjonar til elevar og kollegaar
- er fleksibel og er god til å samarbeide
- kan bidra positivt i det pedagogiske utviklingsarbeidet ved skulen
- kan ha andaktar for elevane
- trivst med ein hektisk kvardag
Kvalifikasjonar:
- formelt kvalifisert for undervisning i grunnskule
- trygg i nynorsk som undervisningsspråk
- den som vert tilsett må leggje fram politiattest
- Me legg stor vekt på personlege eigenskapar
Vi kan tilby eit godt og inkluderande arbeidsmiljø som er prega av fokus på fagleg utvikling, arbeidsglede, kreativitet og gode verdiar.
Vi forutset at søkjar identifiserer seg med måla og verdiane til Tryggheim Strand og kan arbeide aktivt for å fremje desse.
Søknad, CV og referansar sender du til brynhild.samuelsen@tryggheimstrand.no
For meir informasjon – kontakt rektor Brynhild Samuelsen, tlf. 404 93 554.
Søknadsfrist: 2. mars 2025
Oppstart: 1. august 2025