Les her om sterke opplevingar – ..og ein solbrent gutt


ANDRE DEL: Jinka. 

 

Klokka er 05.30 når desse ord vert utforma, saman med noko uvant bakgrunnsmusikk: bønnerop som rungar utover byen. Det var berre å kome seg opp å få gjort noko nyttig. Kan opplyse om at nettet her er betydeleg betre tidleg morgon. Før vi går vidare til dagens opplevingar kan eg opplyse om at Sune starta reisa med å bli solbrent første dag. Dei som var tilstede på fellessamlinga før avreise hugsar Sune sitt utsagn om “det blir ikkje heilt feil å bli litt tææn..” -det blir ikkje problem med litt farge nei 😉 No har fleire, ja samtlege, i reisefølget teke ansvaret for å følgje opp Sune og solkremsmøring. 

Vi måtte stå opp 05.00 for å kome oss avgarde med fly til Jinka. Ingen problem når ungdommen ville leggje seg klokka 20.00 dagen før. Seier litt om kor trøytte ein kan bli på ein slik tur. Flyturen tok ein god time, og vi landa i eit fantastisk grønt landskap. Olav Erik, som er ansatt (ass.rektor) ved Fours friskole, klarte å gløyme pcen på flyet. Det blei mykje latter og tull, då det er han som heile vegen har snakka om trygglei mtp nett og tilkoblingar. Men vi har alle våre feil, og Olav Erik fekk tilbake pcen etter han kunne vise den tilhøyrde han. Vi møtte Gunn Eline og Hans Ovar på flyplassen, og dei køyrde oss til “Nassa Hotel” i byen. Her fekk vi lunsj og litt prat før turen gjekk vidare til eit helsesenter lenger oppe i fjellet. Det blei ein fin biltur med mykje inntrykk. Barn og vaksne langs heile vegen, og vi køyrde i 1,5 time kvar veg. Dei smilte og vinka, og nokre vart nokså forskrekka, då to bilar med kvitingar køyrde forbi dei. Det var ei oppleving å sjå gleda i auga på alle dei små, nydelege ungane langs vegen. Nokre kjende på korleis det måtte vere å vere kjendis, og heile tida vinke og smile til folk. Konkluderte med at det var kjekt, men “nokså slitsamt eigentleg..” 

Vi kom til helsesenteret for gravide kvinner. Det var åpningsseremoni av senteret på lørdag, og det var svært stolte tilsette som møtte oss og viste oss rundt. Senteret tar seg av oppfølging av gravide kvinner den siste måneden av svangerskapet, og avdekker eventuelle risikoer. Dei kan også gjennomføre keisersnitt ved behov, då fleire av kvinnene her har ulike komplikasjonar. Første keisersnitt vart gjennomført kvelden etter opninga, og vi fekk treffe kvinna og babyen. Det var ca 50 gravide kvinner på senteret no, og dei bur 8-10 kvinner per rom. Her var det madrasser på gulvet som kvinnene satt på, og det gjorde sterkt inntrykk å treffe på dei. Det vanlege er at 70-80 per 1000 kvinne døyr i fødsel, men på senteret er det no berre 8 per 1000 kvinne som døyr. Dei tek imot ca 50 babyer i måneden her på senteret, og det er eit utruleg flott tilbud! Dei har for lang reiseveg inn til Jinka, så alternativet er å føde heime. Standarden er langt frå det vi kjenner til, og alle var einige om at me har det “utruleg godt” i Norge. “Eg er så enormt takknemleg for å bu i Noreg” sa fleire av ungdommane i etterkant av besøket. Vi kom tilbake til Jinka på kveldstid, og fekk i oss mat. Mat kunne vi sikkert hatt eit eige innlegg om, då me har hatt ulike opplevingar med det, men det får bli ei anna gong.

No ventar det ein joggetur på nokre i reisefølget, oppmøte 06.30 utanfor. Deretter vert det frokost 07.30, og avreise 09.00. I dag skal vi køyre lange avstander i bil, og besøke endå eit helsesenter som er under oppbygging. Det er utruleg god stemning i gruppa, og vi er klar for nye inntrykk og opplevingar 🙂 Tusen takk for alle som er med å be for oss!!