DEL 4: Siste del av Jinka og Addis
No kjem det aller siste reisebrevet frå Afrika. Vi gler oss alle til å kome heim til familie og venner, men vi snakkar stadig om kor kjekt og fint vi har hatt det saman på tur. Noko vi ikkje kjem til å savne: Når du har bestilt mat, og ikkje heilt veit kva type rett du eigentleg kjem til å få. I tillegg til at halve menyen kan “forsvinne”, for akkurat den dagen hadde dei ikkje kjøtt eller kylling. Eit lite ekstra spenningsmoment der, men vi har tatt det meste med eit smil 😉
Vi fekk besøke ein kristen privatskule i Jinka. Det var litt ekstra stas for oss pedagoger. Her var det mange ivrige ungar. Dei framføre ulike rim og regler, og nokre songar. Lina og Ingrid lærte dei “hode, skulder, kne og tå”. Vi fekk også besøke menigheten som var rett ved sida av skulen, som også var med å støtta skulen og arbeidet der.
Deretter reiste vi vidare til sjukehuset i Jinka. Det er her dei driv med opplæring av helsepersonell som reiser vidare til helseklinikkene rundt om i området. Dei var veldig takksame for støtten som misjonssambandet har gitt, slik at fleire har kunna utdanna seg,
Eit lite museumsbesøk før vi flaug tilbake til Addis, og tilbake til tomta som vi har budd på. Alle var samde om at det var godt å kome “heim” igjen. Vi slappa litt av på tomta, før vi reiste ut for å ete pizza på Hilton hotell. Det blei euforisk stemning rundt bordet, “eeendeleg noko vestleg mat”. Neppe har det vore så stilt rundt eit måltid som då. Kveldane går til speling av presidenten og dei “djupe samtalane”. Nokre (kremt: Stine) er litt snytt for at dei gode samtalane kjem etter klokka 02.00, som helst ville vore i seng klokka 22.00. Lørdag og søndag har vi vore turister i Addis. Vi har vore på skinnmarked, supermarked (ei oppleving), bada på hotell, vore i dyrepark, gudstjeneste og Etiopisk aften. Etiopisk aften innebar “live” musikk og dans. Jentene (Lina og Ingrid) havna etter mykje om og men opp på scena. Vi er imponerte og stolte over dei frimodige jentene våre! 🙂 No pakkar vi kofferten, med ganske mange kilo ekstra, og vendar nasen heimover. Vi er utruleg takksame for alt vi har fått vore med på, og gler oss til å kunne vidareformidle det vi har sett og opplevd heime. “āmeseginalehu” – tusen takk på amharisk!