Me er godt i gong med læring av nye reknestrategiar, pugging av engelske, tyske og spanske gloser, bokstavinnlæring og analysering av viktige historiske hendingar. Men ikkje minst har me brukt mykje tid på samanristing, og bli kjend med kvarandre. Det er viktig å ha det fint saman midt i all læringa.
Om du fortsatt lurte; Ja, me har det kjekt ilag her på Tryggheim Strand. Her er eit lite glimt frå dei første vekene. Helsar dykk og med månadens song på småtrinnet.