Propellbåtar


Dei siste vekene har 1.-2. klasse hatt tverrfagleg proskjekt i K&H og naturfag.
Me har hatt om vatn og derfor laga me propellbåtar.

Først hadde me sløyd og brukte ein del tid på å spikre saman delane til båten. Det måtte gjerast beint og fint slik som bruksanvisninga viste. Så laga me hakk bak på båten slik at gummistrikken og propellen skulle ligge på plass. Til slutt brukte me ein del tid på å pusse båtane, får alle malte dei i valgfri farge.

På uteskulen på torsdag var det tid for å prøve båtane. Då var me i Skyljaviga for å lære om dyr i fjæra, og det var ekstra kjekt at det vart så fint ver. Det blei ein knallfin dag der me fann både krabber, kreps og fisk. Det kjekkaste var likevel å prøve båtane. Det var veldig stilig å sjå kor langt båten gjekk før me måtte trekke opp propellen på nytt. Og kva skjedde om propellen gjekk andre vegen? Nokre brukte og båten som lastebåt, og me testa ut kor mykje last me kunne ha på båten uten at han sank. Dette var lærerikt!

  • 20180511_123422
  • 20180524_110852
  • 20180524_112301
  • received_10156646596541282
  • received_10156646595606282