Telttur med 1. og 2. klasse


Onsdag til torsdag denne veka har 1. og 2. klasse vore på overnattingstur.
Turen gjekk til Tjøstheim, kor vi telta nede ved Bjørheimsvatnet. Dette var første telttur for mange og dei har gleda seg lenge. Onsdag ettermiddag var det mange spente elevar som møtte opp med fullpakka sekk, klar for ei natt ute i telt.

Elevane har lært mykje om å vere ute på uteskule i heile år og me ser kor mykje læring som foregår utanfor klasserommet. Alle har hatt ein kjekk tur med kreativ leik i naturen, sporløp og nærkontakt med dyr og innsekt. Dei har vore med å sette opp telt, lage bål, pakke og bere sin eigen sekk, sove i telt, ta oppvask og andre nødvendige gjeremål på tur. Dei har blitt ein naturvant gjeng, og dette blir nok eit minne for livet!