Vi ynskjer alle elevar, og spesielt de som er heilt nye, hjarteleg velkomne tilbake etter sommarferie!
Første skuledag er torsdag 18. august kl. 08.35
Elevane møter i skulegarden, utanfor garderobane. Vaksne vil vere godt synlege i skulegarden.
____________________________
Kjekt å repetere til skulestart:
Start- og sluttider
Skuledagen startar kvar morgon kl.08.35 for alle elevar.
Ungdomsskulen: kl. 08.35 – 14.05
5.-7.kl: måndag: kl.08.35 – 12.15
tys.-fre.: kl.08.35 – 14.05
1.-4.kl: måndag: kl. 08.35 – 12.15
tys, ons, fre.: kl. 08.35 – 13.10
torsdag: kl. 08.35 – 14.05
Lunsj og skulemelk
Elevane må ha med seg lunsj kvar dag. Skulemelk kan de bestille på skolelyst.no.
Chromebook og mobil
Elevane vil få utdelt kvar sin chromebook av skulen. Denne er berre til utlån og skal berre nyttast til skulearbeid. Signering på avtale for bruk av denne blir sendt ut digitalt.
Dei elevane som har mobil med seg på skulen, legg dei i mobilhotellet i klasserommet når dei kjem om morgonen, og får han tilbake når skuledagen er slutt. Læraren i dei ulike timane styrer bruken av mobil i timane, der det er aktuelt.
Innesko
Elevane skal ikkje gå med utesko inne, difor tilrår me alle å ta med innesko første skuledag.
Meldingar til skulen
Ved melding om fråver eller andre beskjeder til skulen brukar vi “Min skole -foresatt” -app frå Visma, meir informasjon om korleis de bruker denne finne de her: https://www.visma.no/skoleadministrasjon/grunnskole/min-skole/
Skulen sitt telefonnummer er 51 29 01 29. Her vil de få tastevalg til ulike trinn, eller til administrasjon (tast 1).
Følg oss gjerne på facebook og sjå nyheiter på tryggheimstrand.no. Vi ser fram til å møte dykk alle!
Velkommen!